Oj. Eg har visst budd i den vesle store Bergen byen i snart tre månader. Eg veit framleis ikkje heilt kva eg synest om den. No har det ikkje regna på lenge, så då er eg på ein måte litt inhabil for augeblikket. Men eg trur ikkje eg kjem til å bli her for "alltid". Trass i at det er veldig mange fine folk her. Og faktisk veldig koseleg når det er fint vér. Eg likar biblioteket. Og den vesle leikeplassen på toppen bak husa på haugen. Eg likar rommet mitt, og huset mitt. Eg likar duene. Eg likar tagginga. Men eg likar ikkje at bruktbutikken med dei fine kleda er så ryddig og dyr. Eg likar ikkje skulen. Og ikkje regnet.

I Bergen er det vanleg å henge BHane sine til tørk i gata. Effektivt for dei som bor i små hus utan plass til tørkestativ. I Bergen er også gatene så smale at bønder ikkje vil flytte hit. Dei får ikkje plass til traktoren.

Av og til er det sol i Bergen også. Då er det ganske fint. Og alle må tvangssendast ut av husa sine samtidig. Litt travelt dersom du har noko fornuftig du burda gjort inne. Men sånt må ein berre godta.

Bergen har mange skumle dyr. Dei fleste er innesperra på akvariet. Andre held til i gatene.

Og når du ser det ovanfrå, så ser heile "greia" faktisk ganske byete ut. Fint.