mandag 5. januar 2009

2009

Dette kan bli stort. Kanskje. Dette er året for meir Fredtun Folkehøgskule. Dette er året for kortspeling, strikking, teatertimar, brødskiver med leverpostei, londontur og for lite søvn. Dette vil likevel også blir året for sommarferie på Sæbø, med uendeleg mange nattbad og arbeidstimar på sjukeheimen. Dette er det året eg sluttar å vere tenåring. For alltid. Dette er året då eg må bestemme noko. På ekte. Om framtida mi. Og finne ut kva eg har lyst til. Dette er året eg kjem til å flytte sånn heilt på ekte, og må begynne å lage min eigen middag. No kan det endeleg bli fisk kvar dag. I år vil eg lære meg å sy. I år vil eg lære meg å spele piano (legg merke til vil og ikkje skal). Dette er året då eg skal spele fantasi opptil fleire gongar, og vinne overlegent. Dette er året eg skal ete is og vere lukkeleg. Det lovar godt.

1 kommentar:

Anonym sa...

vil lære piano?? kan du d ikkje??? ekje lisa gjekk til skolen nok?? :P