
Jepp. Eg har ingen planar, bortsett frå å lese avisa og ete litt mat. Og eg likar det. Etter i går har eg offisielt flytta inn i Lilleborg, sidan vi har hatt velkomstfest og greier. Svært. Eg trur eg skal klare meg fint her. I eit år, minst. Eg har hatt ganske flaks. Trur faktisk ikkje eg kunne funne ein så mykje betre hybel. I Bæærgen-byen. Hurra! Elles har eg vore på butikken i dag. Fleire gongar. Og kjøpt ny lyspære. Og dopapir. Og grøne druer (no har eg både blå og grøne, luksus!). Medan eg stod og vurderte fisken i fiskedisken datt ein mann plutseleg rett i bakken, og fekk eit slags anfall og.. hjelp! Ja, det var skummelt! Kom sjukebil og sånn. Og eg såg på. At han datt sakte og strakt rett ned. Skjønte ikkje kva som skjedde i det heile, eg berre stod der og visste ikkje om eg skulle gjere noko. Som fleire andre. Klarte ikkje å tenke nokon ting. No veit eg kva det vil seie å vere handlingslamma. Det fanst heldigvis ei fornuftig dame blant oss. Som sprang til og skaffa hjelp og sånn. Uææ. Det er stort sett på butikken det skjer ting. Eg kom blant anna på kvifor eg ikkje har så mykje til overs for desse små vesena som spring rundt og ropar og får oppmerksomheit også i dag. Då eg stod i kassakøa stod det to småttisar og opna lukene til smågodtet og såg på det, og tok litt her og der. Æsj. Eklingar. Oog, dagens tredje butikkproblem: Kvar har det vorte av MUMMIKJEKSA?! Åå, dei fins ingen stad!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar