mandag 16. februar 2009

Unødvendig innlegg.

Når eg kjem heim får eg slik trong til å kringkaste livet mitt, sjølv om det er akkurat då det eigentleg er heilt unødvendig, i og med at alle mine to lesarar sannsynligvis er saman med meg og veit nøyaktig kva eg har drive med den siste tida.. Eg latar som eg ikkje tenkjer over dette, og held fram med å skrive mi vesle uinteressante dagbok. I dag vakna eg og ville på ski. Det gjekk utover Kathrine. Stakkar. Eg lokka med kakao. Ho er dårleg til å motstå fristelsar. Seinare fann eg ut at eg ville gå i fjøsen og helse på gjengen. Eg brukte det gode gamle trikset (serverte dei nokre høydottar) og vips vart eg svært godt motteken. Når eg gjekk ut etterpå tenkte eg at "viss eg hadde vore lita no, hadde eg nok laga snølykt". Så tenkte eg "hmm, kven har eigentleg sagt at eg ikkje er lita enno?" Så laga eg snølykt.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Fin snølykt, men dei sauene var skumle. Onde auge. Det finst folk som ete auga deira. Heilt sant.

Anonym sa...

ja.. stakkars Kathrine...

Anna sa...

mhm, ho måtte lide.