mandag 17. august 2009
Dette blir ein blogg om mine matvanar
Ja. Det har nemleg ikkje skjedd så mykje i dag. Christian har reist til Rauland. Eg har vandra gatelangs åleine i Bergen, og funne nokre fine bruktbutikkar. Og rota meg litt vekk, for så å bli veldig stolt over å greie å finne att huset mitt. Eg har sjekka ut dei næraste fem matbutikkane, og funne ut at eg kjem til å satse på Rimi. Den er verken trang, ekkel eller skiten, som dei fleste andre. Eg har heldt lærebøkene mine i handa på bokhandelen, for så å legge dei fint tilbake, fordi eg ikkje var sikker på om eg hadde funne dei rette. Nye bøker er fine å ta på. Så har eg hatt besøk av Anita, og laga god kyllingmiddag (mesteparten av ingrediensane fann eg i restehylla, økonomisk). Og eg har drukke te. Ja, snart kan eg seie at eg faktisk likar te. Det skal bli fint.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar