
Jaa. Eg har hatt mi første ordentlige forelesing. Og hjelp! Det skjedde så mykje at hovudet kopla heilt ut, eg forstod ingenting. Mange rare ord, og pensum som eg ikkje forstod i det heile teke. Eg har innsett at norsk grammatikk er meir enn verb, adjektiv og å/og-reglar. Og det var vanskeleg! Eg skjønte verkeleg ikkje kva mannen prata om, sjølv om eg faktisk prøvde så godt eg kunne (ja, seriøst, eg prøvde av heile mitt hjarte). Han gjekk gjennom eit heilt kapittel. Eg måtte kjøpe boka etterpå. No skal eg prøve å lese i den, men eg kjenner at eg har mista motet. Det kjem til å bli travelt. Takk og lov for Feist. Ikea er forresten også travelt.. På ein litt annan måte. Akkurat no skulle eg ønske eg kunne bruke året på å ordne rommet mitt. Og handle mat på Rimi. Og ting og tang på ikea.
1 kommentar:
AKKURAT slik hadde ej de på mi fyste forelesning. De va so monge ord ej ikkje forsto at ej visstikkje kor ej skulle gjer ta mej! De va heilt forferdelig! SLIK e høgskule. VELKOMMEN!
Legg inn en kommentar