Uansett må eg vel gje denne regnbyen ein sjangs. Eg kan tross alt handle på matbutikk når eg vil (eit lite minus at eg må betale sjølv), og har konstant unnskyldning til å vere inne (sidan det er så vått ute), og eg kan føle meg viktig med å låse opp mi eiga postkasse når eg vil. Eg overlever nok skal du sjå.
søndag 16. august 2009
Hallo, er det noen der?
Eg tenkte det kunne passe seg å lage eit lite innlegg. Til ære for alle mine to lesarar. Det kjem sannsynlegvis til å handle om at eg har flytta til Bergen. Til eit rom med seng og skap og skrivepult. Og ikkje golvteppe. Og tomme veggar. Ein dag vert det nok fint. Bortsett ifrå at det er så stort at eg ikkje har nok ting til å fylle det. Eg veit ikkje om Bergen er byen for meg. Det er noko som ikkje stemmer heilt. For det første er det ei elv utanfor glaset mitt. For det andre kom ei dame mot meg med det same eg gjekk inn på Fretex, og sa at eg måtte gå ut, dei skulle stenge. Dessutan stod eg fint og såg på eit akvarium då den eine gullfisken plutseleg berre sank ned mot botnen og vart liggande. Eg lurer på om eg skal ta eit hint..
Uansett må eg vel gje denne regnbyen ein sjangs. Eg kan tross alt handle på matbutikk når eg vil (eit lite minus at eg må betale sjølv), og har konstant unnskyldning til å vere inne (sidan det er så vått ute), og eg kan føle meg viktig med å låse opp mi eiga postkasse når eg vil. Eg overlever nok skal du sjå.

Uansett må eg vel gje denne regnbyen ein sjangs. Eg kan tross alt handle på matbutikk når eg vil (eit lite minus at eg må betale sjølv), og har konstant unnskyldning til å vere inne (sidan det er så vått ute), og eg kan føle meg viktig med å låse opp mi eiga postkasse når eg vil. Eg overlever nok skal du sjå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
ÅÅ det går so bra skal du sjå,, Bergen e einaste byen i norge ej kunna tenkt mej og flytta til.. eller ej konna flytta til særp me då
Far til Oslo, sei ej berre.
ja. kunna gjerne våre med dej til særp. høyrt mykje fint om den plassen. ta det neste år?
ja.. ette ej he vår i millitære
Skal du i militære?!
!
Legg inn en kommentar